Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 6806 Stiftinga Vest-Telemark Museum får økonomisk støtte til brannsikring av Vindlaus

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 10. februar 2021 besluttet å innvilge kr. 90.000 til ovennevnte prosjekt.

Vest-Telemark Museum er konsolidert museum for dei seks kommunane i regionen, og har drift og fagansvar for tolv museumseiningar. Verksemda sysselset 16 årsverk og har ansvar for vel 20.000 kunst- og kulturhistoriske gjenstandar, 94 antikvariske bygg, mellom ana Europas eldste trebygning frå 1167. Vidare 17 utstillings/magasin bygg. VTM har hatt vel 50.000 brukarar av musea dei seinare år. VTM vart kåra til Årets Museum 2012.

Hovudbølet er lokalisera i Eidsborg, dei andre einingane er:
Kviteseid Bygdetun, Norsk Skieventyr, Morgedal
Åmdals Verk Gruver, Fyresdal Bygdemuseum
Øyfjell Bygdemuseum, Myllarheimen, Vinje
Vinje Biletgalleri, Dyre Vaa samlingane, Rauland
Vinjestoga, Vinje, Grimdalstunet, Skafså
Knut Skinnarland samlingane, Rauland

Uppistog Vindlaus, kald Vindlaustunet, er lokalisera like ved Eidsborg Stavkyrkje.

Tunet har totalt 15 bygningar. Heile tunet vert overvaka ved hjelp av varmekamera-deteksjon. Det er planlagt brannvarsling i uttalte 6 bygg iflg. Sikringsplan, samt varmekamera som dekker tunet;

1. Stålekleivloftet (freda) 4. Ljosdalsburet
2. Tveitenstoga (freda) 5. Larsstoga
3. Fjos/låve 6. Djuvestoga (freda)

Dei ulike bygga på Uppistog Vindlaus er nytta dels som magasin og dels til formidling av kulturhistoriske gjenstandar. Desse unike gjenstandane og samlingane er i hovudsak knytt til bondesamfunnet i Vest-Telemark i tidsrommet 1700-1900, og er særs viktige å ta vare på for ettertida. Ein kan mellom anna nemne komplett stoveinnreiing frå slutten av 1700- talet med rosemåla inventar av den kjende målaren Olav Torjusson.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss