Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 10. juni besluttet å innvilge kr. 200.000 til ovennevnte prosjekt
Sprinklaranlegget i «Fabrikkbygg 1910 og 1900» og i «Salhus Tricotagefabrik» er frå 1928, og skal vere blant dei eldste i Noreg som enno er i drift.
Det er svært viktig at det freda fabrikkanlegget har eit oppdatert sprinklaranlegg ein kan stole på, og eit nytt sprinklaranlegg er det høgst prioriterte tiltaket i sikringsplanen for museet (tiltak 2019– 21): både for å minske risiko for lekkasjar i lokala, og å betre branntryggleiken i fabrikkanlegget. Fabrikkbygg 1910 og 1900 er sjølve hjartet i fabrikkanlegget, og er trebygningar som i stor grad har originalt inventar og maskineri.
Salhus Tricotagefabrik AS blei etablert i 1859 og var i drift til 1989, og produserte maskinstrikka klede av ull og bomull. I dag held Tekstilindustrimuseet til i fabrikklokala, saman med Bevaringstenestene for musea i Vestland i den nyare delen av fabrikken. I 2020 vart fabrikkanlegget freda av Riksantikvaren etter kml §§15 og 19, som døme på tekstil- og konfeksjonsindustrien i Noreg. Tekstilindustrimuseet er i dag ei avdeling i MUHO (Museumssenteret i Hordaland), som også er eigar av fabrikkbygningane.
Telefon: +47 46292921