Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 6177 Ole Didrik Lærum får økonomisk støtte til - Klima- og avfuktningsanlegg for kjøretøysamling

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 5. mai 2020 besluttet å innvilge kr. 62.375 til ovennevnte prosjekt

Føremålet er å berga ei unik samling av køyretøy nytta i legepraksis. Eigedomen er no under freding som eit eineståande anlegg av Doktargard og døme på sveitsarstil i ein stasjonsby på Vestlandet, bygd i 1891.

Her er i dag eit privateigd medisinsk museum, men med planar om å gjera det om til ei stifting. I dag tek museet imot grupper av besøkande frå inn- og utland. Museet er medlem av det nasjonale nettverket for medisinske samlingar som vert koordinert av Nasjonalt Medisinsk Museum, ei avdeling ved Norsk Teknisk Museum i Oslo.

Dei medisinske samlingane på gamle Doktargarden på Voss (Dr. Lærums medisinske museum) er i hovudsak i den gamle stallbygningen frå 1892 som har vorte utbygd med ein underetasje.

I første høgda er det ein vanleg kaldgarasje og eit rom på ca. 30 kvm som inneheld ei køyretøysamling som har vore i bruk hjå familien og andre legar. Etter sigande er dette den einaste medisinske køyretøysamlinga i landet, og folk kjem langvegsfrå for å sjå på den.

For å hindra rust og andre fuktskadar på køyretøya, er det naudsynt å isolera rommet til køyretøy-samlinga frå innsida og laga nye, isolerte dører i fronten. Desse skal likna på dei som har vore der før og er tilrådd av antikvariske grunnar. Dette skjer i samarbeid med Fylkeskonservatoren, ettersom heile Doktargarden med stallbygningen er no under freding.

Allereie no er det påvist alvorlege rustskadar på den eine bilen, og ein spesialverkstad for karosseri har sterkt tilrådd at de isolerer og avfuktar garasjen. Elles kan store verdiar gå tapt. Såleis trengs det å få eit klimaanlegg på plass til oppvarming og avfukting

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss