Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 6185 Gudbrandsdalsmusea AS får økonomisk støtte til - Restaurering av 3 stabburtak ved Presthaugen i Lom

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 5. mai 2020 besluttet å innvilge kr. 100.000 til ovennevnte prosjekt

Presthaugen er bygdatunet i Lom. Tunet består av gamle hus frå Vågå, Lom og Skjåk. Heimbygdslaget vart etablert i 1925, og var aktive og stod for innsamling og oppbygging i Presthaugen. Inntunet på det som skulle bli Lomsgarden kom i 1945 med Glømsdalstuggu og Olavsstugu, i tillegg til to stabbur og eitt aurbuloft. Storstabburet er ein del av tunet/samlinga, men dette står på sin opphavlege plass – tidlegare tiendebu til prestegarden. Presthaugen er eit ope friluftsområde, mange legg turen innom.

Gudbrandsdalsmusea har ansvar for sikring, bruk og vedlikehald av husa. Lom kommune er formell eigar og ansvarsdelinga er formalisert gjennom ei samarbeidsavtale.

Det er tre tak som bør tekkjast:

Aurbu-loft frå Skei, Skjåk
Oppført omkring 1780. Dette vart flytta frå Skei i Skjåk og sett opp her i 1945. Sjeldan og spesiell utforming. Aurbu-delen i kjellaren (matlager- datidas kjølerom), tørr-varer, ymse brød og bakst og salt kjøtt i ulike rom i den tømra delen. Det er ikkje gjort noko med huset sidan 1945. Taket må nå leggast om, torvvolen på austsida har falt ned. Elles ingen nødvendige tiltak.

Stabbur frå søre Hosar, Skjå
Det midtre av dei tre er frå søre Hosar i Skjåk. Stabburet er oppført her i 1945, det er opphavleg frå tidleg på 1700-talet. Grima med stabbane under er ein særs gammal-modig skikk, den er sjeldan å sjå. Kanskje er denne eldre enn sjølve stabburet. Tilstanden er rimeleg bra, men det er vurdert som fornuftig å legge om taket. Generell slitasje på framkant og torvvol og uvisse med tekke-materialet under torva blir lagt til grunn for vurderinga. Oppfukting og alge- og mosevekst på torvvolen gjer det meir aktuelt for kvart år som går. I tillegg ser vi at klimaet endrar seg og medvirkar til større fuktbelastning. Fundament og treverk er elles bra. Lafta trapp skal reparerast, fleire stokkar med råte skal da skiftast ut.

Stabbur Bø
Stabbur/loft frå Bø i Lom, tidleg 1700-talet. Dette vart òg oppført her i 1945, som dei to andre. Dette har mest synlege teikn på slitasje frå ver og vind og truleg litt endring i grunnforhold. Det er spor oppunder dei utkraga veggane på sidene etter tile-vegg. Den manglande støtta fører til stor påkjenning over tid, og det er truleg det vi ser meir og meir resultat av. For å unngå brudd i dei mest påkjente delane har vi satt opp midlertidige støtter. Vi ser og stor slitasje på taktekking og spesielt torvvol, same situasjon som dei to andre. Her må vi i tillegg vurdere taktro – om den er hensiktsmessig og sterk nok for den utkragande konstruksjonen.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss