Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 6190 Stift. Ormelid gard får økonomisk støtte til - Prøveprosjekt brannsikring av 5 freda bygninger på Ormelid i Luster

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 5. mai 2020 besluttet å innvilge kr. 400.000 til ovennevnte prosjekt

Riksantikvaren har vald ut gardstunet i Ormelid med 5 freda bygningar til å vera med i eit prøveprosjekt for brannsikring av freda bygningar. Riksantikvaren si grunngjeving for prosjektet er fylgjande:

«Riksantikvaren ynskjer å gjennomføre eit prøveprosjekt for brannsikring av freda bygningar på gardstun som ligg langt frå brannvesenet og utan vassforsyning for sløkkjeanlegg. Ormelid har høg kulturverdi og bygningane med eit stort område rundt er freda. Det ligg godt til rette for å etablere ei vassforsyning med naturleg og godt vasstrykk for sløkkjeanlegg. Tiltaket krev dispensasjon både frå fredingsføre-segnene og for automatisk freda kulturminne. Denne forvaltningsoppgåva ligg hos fylkeskommunen. Riksantikvaren tek difor ikkje stilling til dei einskilde tiltaka i søknaden og overlet denne avgjerda til fylkeskommunen . Vi er likevel opne for å drøfta tiltaka før fylket fattar vedtak i saka.»

Eit sentralt vilkår Riksantikvaren har sett er:
«Prosjektet skal sjå på ulike løysingar for å finne fram til så enkle og billige alternativ som mogleg. Til dømes kan det vere aktuelt med pumper som eit alternativ til høgdebasseng; synlege ikkje nedgravne rør, vann reservoar over bakken mm. Vi legg til grunn at løysingane vert drøfta med fylkeskommunen og at dei gir dispensasjon før tiltaket vert iverksett.»

Dette inneber at prosjektet skal vektleggja å søkja alternative løysingar for å få ned kostnadane.

Høgdegarden Ormelid i Luster vart freda i 2011. Gardstunet ligg på om lag 450 meter over havet. Arkeologiske funn syner spor etter jordbruk i Ormelid 4500 år attende i tid. Kulturlandskapet i Ormelid syner samanhengen mellom buplass og driftsform langt tilbake i tid. Det er bevart lauvingstre, steinmurar og stølshus og spor etter stiar. Dølevegen – ein ferdselsveg frå mellomalderen mellom Høydalen i Lom og Fortun går gjennom tunet og stølsområda.

I alt 6 bygningar og 850 daa er omfatta av fredinga. 5 bygningar ligg i tunet og ei turkestove ligg 60 meter nedafor løa. Turkestova har ikkje og skal truleg heller ikkje ha el-installasjon, men den gamle røykomnen skal restaurerast og takast i bruk att om nokre år.

Stiftinga overtok garden jfr eit testament i 2016. Det har sia dette vore arbeidd målretta med ivareta dei store kulturhistoriske verdiane som garden representerer. Med bakgrunn i dette er det viktig at tunet også har ei trygg og tilfredsstillande brannsikring.

Vegen opp i Ormelid er bratt og smal og er i utgangspunktet bygd som traktorveg og vart teken i bruk i 1987. Vinterstid er den ikkje brøytt – og det kan vera stor isgang på delar av vegen. Då er det også vanskeleg å ta seg opp til fots.

Brannvesenet vil ikkje koma opp med anna enn utrykkingsbil i sommarhalvåret Dette gjer at det er vanskeleg for brannvesenet å koma opp ved ei evt utrykking – uansett årstid. Vasstilgangen i tunet er også dårleg. Vasskjelda til bygningane er ei lita grov som renn like ved tunet. Dette er ei flaumgrov som ikkje har sikker heilårs tilførsel frå fjellet. Tilsiget kjem frå åskammen Liane, som strekkjer seg ca 850 moh over Ormelid. Det er heller ikkje brunn på garden.

Fram til 1950-talet hadde både Ormelid og nabogarden Nedrelid vasstilførsel frå veiter som kom frå fjellområdet ovanfor garden – retning Øvstestølen og Vetlaflui – på ca 1200 m.o.h. Veitene som framleis er godt synlege over skoggrensa, vart fysisk øydelagde i samband med Fortunsutbygginga, som skulle forsyna aluminiumsfabrikken i Årdal med kraft. Målet for utbyggaren Hydro med å ta vatn frå veitene til Ormelid, var å sikra ei viss vassføring i Fortunselva. Det vart ikkje gjeve kompensasjon for tap av vatnet. Dette er etter stiftinga si vurdering, ei årsak til vassituasjonen på garden i dag.


Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss