Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 6201 Stift. Ormelid gard får økonomisk støtte til – Oppmuring av peis og skorstein i steinselet ved Nedstestølen

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 5. mai 2020 besluttet å innvilge kr. 200.000 til ovennevnte prosjekt

Stiftinga Ormelid har starte restaurering av selet på Nedstestølen. Etter at arbeidet kom i gang hausten 2019, kom det fram i kjellaren at selet mest sannsynleg har vore eit tidlegare steinsel. I kjellaren fann dei restar etter peis med skorstein, steinsett golv og attmura inngangsdør!

Årsaka til at de ikkje har funne dette tidlegare, var at selet var i så dårleg forfatning då det vart demontert hausten 2018 at de ikkje kunne gå inn i kjellaren i fare for eiga sikkerheit. Etter at golvbjelkar vart fjerna hausten 2019 kom det fram ny kunnskap om ein bygning med ein unik historie.

Truleg har de her ei tidslinje med to sel i ein bygning:
1. Fyrst vart det bygd eit steinsel – kanskje på 17-eller tidleg 1800-talet.
2. Deretter – kanskje sist på 1800-talet vart det bygd eit tømrasel på murane til steinselet. Dette var av gjenbruksmaterialar og litt mindre enn ytterkantane på steinselet og «det passa ikkje som hand i hanske» - med litt gliper her og der og ein liten «gangveg» på utsida gjorde at konstruksjonen etter kvart fekk seg ein knekk.

Ormelid er ein freda høgdegard i Fortunsdalen i Luster kommune. Fredinga omfattar 6 bygningar i tunet og omkringliggjande kulturlandskap på 850 daa som m.a. omfattar Nedstestølen og Øvstestølen. Eldste datering i Ormelid er ei brannrydning datert til ca BC4500 og ligg på stølsgjerdet på Nedstestølen. Stølsbygningane er ikkje freda.

Garden er eigd av Stiftinga Ormelid gard som er ei ideell stifting. Ei viktig oppgåve er å leggja til rette for besøkjande og ta opp att overnattingstradisjonen som truleg går meir enn 1000 år tilbake i tid.

Den førehistoriske ferdselsvegen «Dølevegen» frå Fortun til Høydalen i Lom går gjennom tunet og vidare oppover forbi stølane. Dette var framande som passerte tunet på veg over fjellet. Selet på Nedstestølen kan vera frå 1800-talet – men her kan ha vore støling her i mange hundre år.

Nedstestølen ligg ca 20 minutts gange i nordaustleg retning frå gardstunet (650 meter i luftlinje). Stølen ligg i freda område, men selet er ikkje freda. Det er eit lite sel med skot og samla grunnflate på ca 35 m2. Mykje av tømra synest å vera gjenbruk frå andre bygningar.
Det har vore mange diskusjonar om kjellaren sitt opphav. Kjellaren er murt inn mellom hamralag som gjev ei god isolering. Arkeolog har undersøkt grunnen både inne og ute og det er ikkje gjort føre-historiske funn på tomta. Mellomalderarkeolog har vurdert murane, og hans vurdering var at grunnmuren er av «nyare tid» - ikkje høg kvalitet på muringa, men den store gluggen med bogakvelving er eit svært godt utført arbeid.

Truleg vart steinane i skorsteinen plukka ned då tømraselet vart bygd og lagt inn i peisen. Dette har så fungert som fundament for ein koke-omn til ost i det «nye» selet. Inngangsdøra vart også mura att. Denne låg vis-a-vis noverande inngangsdør. Målet er å mura opp att peis og skorstein som ligg i den «indre delen» av steinselet.

Sia døra skal opnast opp att og peisen skal restaurerst, må murane i denne delen av bygningen også rettast opp. Det vert laga ny labank-dør og lagt til rette for ein trappenedgang på utsida mot aust. I vindaugsopninga mot vest vert det sett inn nytt vindauge med oval form. Golvet skal på ny steinsetjast.

Selet har ikkje vore i bruk sia krigen. Dette var heime- og vårstøl til garden. Målet er å ta det i bruk til formidling om garden sin historie.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss