Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 6288 Hardanger fartøyvernsenter får økonomisk støtte til - Restaurering av S/J Mathilde

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 10. juni 2020 besluttet å innvilge
kr. 500.000 til ovennevnte prosjekt.

Hardangerjakta Mathilde vart bygd i 1884 i Ølve i Kvinnherad. Jakta har opp gjennom åra hatt fleire eigarar og har vore nytta som fraktefartøy og losjiskip både i Nord-Noreg og på vestlandet. Fartøyet vart rigga ned og fekk styrehus og maskin i 1941, ho heldt fram som fraktefartøy heilt fram til byrjinga av 1980 talet. I 1984 kjøpte Stiftinga Hardangerjakt Mathilde på tvangsauksjon. På 1980-talet vart fartøyet satt i stand og tilbakeført til seglfartøy. Mathilde er ein god representant for dei seglande fraktefartøya som vart nytta båe innanriks og også delvis og utanriks. Jakta sin alder, autentisitet og opphavelege funksjon gjer Mathilde interessant i vernesamanheng. Sidan 1990 har Mathilde vore eit museumsfartøy med lange seglings sesongar i kulturformidlinga si teneste. Mathilde går no årleg om lag 8 veker med dagsturar for skuleelevar, 12 veker med leirskule og nokre veker med sommartokt for ålmenta. Mannskapet er tilsett på heilårs basis, og det er høge krav til tryggleik og sertifisering.Det er Hardanger fartøyvernsenter som eig hardangerjakta Mathilde. Hardanger fartøyvernsenter er eit nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern og museum for maritim kultur og historie. Senteret er en del av Hardanger og Voss museum.

Reperasjon av stevnen og akterspegel
I forskipet på Mathilde har de oppdaga råteskadar på fordekk og på huden ned langs stevnen på begge sider av fartøyet. For å kunne utbetra desse skadane må alt av baugspyd og anker handteringsutstyr på fordekket demonterast. Også deler av forpiggen inkludert kjettingkasse må demonterast. Det er også råteskadar på innerstamnen som må utbetrast. I akterskipet har de roteskadar i spegelen. Spegel på fartøyet er ein todelt konstruksjon med eit inner- og ytter spegel samt bjelkar og knær. Råteskadane har over tid fått utvikla seg inni spegelen utan at de har sett dette frå yttersida. For å kunne utbetra dette må me demontera store delar av skipperlugaren og en del utstyr på dekk og ved rekka. Hekksarmane på rekka er også råteskada og klare for utskifting. Det er no altså naudsynt med ei større istandsetjing av Mathilde. Det er meir enn 30 år sida Mathilde vart restaurert, og ho har vore i aktiv bruk alle desse åra. Fartøyet er fredet

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss