Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 6704 Valdresmusea AS får økonomisk støtte til - Sikring av musikkinstrument

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 15. oktober 2020 besluttet å innvilge
kr. 100.000 til ovennevnte prosjekt.

Valdresmusea er det konsoliderte museet for Valdres Folkemuseum, Bautahaugen Samlinger og Bagn Bygdesamling. Valdresmusea har avtale med Kulturdepartementet om drift av Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og driv særleg innfor satsingsområda bunad og folkedrakt, folkemusikk og folkedans og bygningsvern.

I 2014 opna Valdresmusea ei større utstilling med 38 historiske langeleikar frå heile landet. Ikkje sidan 1987 har langeleiken stått i sentrum for ei utstilling, den gongen på Ringve Musikkmuseum i Trondheim. Utstillinga omfattar Iån frå museum og private eigarar, dei aller fleste frå Norsk Folkemuseum som dei siste 15 åra har forvalta den Skandinaviske samling — 10 000 gjenstandar som på 2000-talet kom tilbake til Noreg frå Nordiske Museet i Sverige. Langeleikane frå Den skandinaviske samling har aldri vore utstilt.

Utstillinga vart til med fagleg støtte frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Våren 2019 vart det for fyrste gong gjort nøyaktige målingar av temperatur, luftfuktigheit og lysinnslepp i utstillingsrommet. Temperaturen og luftfuktigheita vart målt med dataloggar, og i det aktuelle lokalet varierte temperaturen mellom 19 og 30 grader under normale forhold (med kjøling frå klimaanlegget). Med direkte sollys på glasrutene steig temperaturen noko. Ved svikt i klimaanlegget (29.05-01.06.2020) oppnådde utstillinga ekstremt høg varme på heile 35 grader.

Våren 2020 vart det gjort tiltak med justering av klimaanlegget. Tiltaket har hindra temperaturstigning over 30 grader under normale sommarforhold, og med kjøling via klimaanlegget. Temperaturen her er likevel langt høgare enn kva ein reknar som minimumsstandard for museum. Museumsgjenstandar bør ikkje væra i rom med temperatur over 22 grader. Det vil derfor vere behov for å skjerme utstillingsarealet frå direkte sollys (lux) og å redusere innsleppet av varme frå glasflatene i raustet i bygget.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss